Kort om arbeidsgiver

Vi har ledige vikariat som lege i spesialisering (LiS) i medisinsk biokjemi til legegruppa i medisinsk biokjemi. Vi søkjer etter interesserte legar til eit vikariat ved Hormonlaboratoriet og eit vikariat i legegruppa i medisinsk biokjemi, begge ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Laboratorieklinikken. Vikariata er i  6 månader med mogleg forlenging, startdato er 01. juni eller etter nærare avtale.  

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert til Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen, og har i overkant av 300 tilsette. Avdelinga omfattar tre legegrupper, legegruppa i medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi. Avdelinga har totalt 15 driftseksjonar (12 analytiske og tre ikkje-analytiske seksjonar).

Eit vikariat er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi mens eit vikariat er knytt til legegruppa ved Hormonlaboratoriet. 

MBF har ein omfattande rutineaktivitet som inkluderer alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Vi driv og ein betydeleg forskingsaktivitet knytt til våre satsingsområde. 

Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning innanfor normal arbeidstid
  • Vurdering og kommentering av analysar i medisinsk biokjemi eller hormonanalysar
  • Konsultativ verksemd, rettleiing og rådgjeving til rekvirerande legar og andre
  • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Fordjuping og forsking innan avdelingas verksemd
  • Bidra med undervising av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i medisinsk biokjemi 
  • Erfaring frå medisinsk biokjemi vil bli vektlagt
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og avdelingas forskingsverksemd
  • Du er resultatorientert
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
  • Du er fleksiblel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Eirik W. Søfteland
Tittel: Fung. seksjonsoverlege
Telefon: 55976174
E-post: eirik.softeland1@helse-bergen.no
Navn: Jørn Vegard Sagen
Tittel: Avdelingssjef MBF
Telefon: 55974396
E-post: jorn.vegard.sagen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen