Kort om arbeidsgiver
Vil du vere med og utvikle gode legetenester  Stad kommune?

Stad kommune lyser ut fastlegeheimel i godt opparbeidd praksis i kommunalt drive legekontor på Nordfjordeid frå 01.06.21. I perioden 01.06.21 til 31.08.21 vil heimelen ha deleliste saman med avtroppande kollega, og frå 01.09.21 vil den nye heimelen ha åleineansvar for den aktuelle lista.

Fastlegeheimelen har ei listelengde på  800 pasientar og inntil 7,5 timar per veke i kommunal deltidsstilling. Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver. Dersom du ønskjer 100 % fast, kommunal stilling kan vi legge til rette for det.

Legetenesta i Stad kommune er organisatorisk plassert i eining for helse saman med fysio- og ergoterapitenesta, samt helsestasjonen. Stad kommune har to legekontor som begge er kommunalt drive. Legetenesta i Stad har tolv fastlegeheimlar.

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem. Det er tilsett sjukepleiarar, bioingeniør og legesekretærer som hjelpepersonell. Kommunen er med i pilotprosjekt om primærhelseteam og digital heimeoppfølging. Det er tilsett to sjukepleiarar i prosjekta og som har arbeidsstad ved legekontoret.

Legekontoret på Nordfjordeid har eit godt fagmiljø med åtte andre fastlegar, ein turnuslege og personell i resepsjon/laboratorium. Det er kort avstand til Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost.

Arbeidsoppgåver
  • Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og kan bli tillagt 
    offentlege arbeidsoppgåver
  • Kommunen er vertskommune for interkommunale legevakt og ØHD sengar. Legekontoret på Nordfjordeid har ansvar for legetilsyn i kontortida
  • 8-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 20-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt (om lag 22 000 innbyggjarar)
Kvalifikasjonar
  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
  • Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne
Vi tilbyr
  • Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap.
  • God allmennmedisinsk rettleiing
  • Gode økonomiske vilkår
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månadar prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stad kommune
Kontaktperson
Navn: Linda Gotteberg
Tittel: Einingsleiar helse
Telefon: 41694203
E-post: linda.gotteberg@stad.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Rådhusvegen 11
6770 NORDFJORDEID