Vil du bli vår nye kollega i eit spennande fagmiljø for barn og unge?

Poliklinikken i Molde har ledige stillingar for lege i spesialisering. Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.

Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.

Vi har ledig ei fast stilling og to vikariat for Lege i spesialisering ved BUP poliklinikken i Molde.  

Om du søkjer både på fast stilling og vikariat, ber vi om at du skriv dette i søknaden. Attestar/tjenestebevis til bruk for ansiennitetsbekning må lastast opp som vedlegg til CV.

Etter jobb kan du nyte byen, naturen og kulturen!
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skular, barnehagar og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med mellom anna ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Sjå og les meir om byen og regionen vår her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Arbeid i team
  • Deltaking i seksjonen sitt akuttforløp. 

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer oss ein lege med erfaring frå og/eller interesse for psykisk helsevern for barn og unge
  • Den som blir tilsett må mestre norsk språk muntleg og skriftleg
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
  • LIS bør fortrinnsvis ha gjennomført og fått godkjent LIS1-teneste

Personlege eigenskapar

  • Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Vi ønskjer oss ein tilsett som vil bidra i seksjonen si fag- og organisasjonsutvikling
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eiga arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Vekeleg rettleiing frå spesialist.
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetting
  • Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600. 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217485 /mob. 99245684
Hjemmeside
Arbeidssted
ENHET FOR BUP POLIKLINIKK MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12
6416 MOLDE
Søk på stillingen