Kort om arbeidsgiver

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevenleg med nærleik til skular, barnehage og fritidstilbod. Frå Molde lufthamn er det fleire daglege flyavgangar til Oslo og også  internasjonale ruter.
Molde by fornyar seg med mellom anna ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Sjå meir om byen og regionen her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund har vanleg radiologisk aktivitet med røntgen, ultralyd, CT og MR, og det blir også gjort ei rekke intervensjonar. Det er eit godt samarbeid mellom avdelinga og dei kliniske avdelingane på begge sjukehusa. Stillinga inneber vakt, for tida sjudelt heimevakt. LIS har tilstadevakt ved Molde sjukehus (åttedelt vakt). 

Avdelinga har ledig fast stilling for overlege.
Arbeidsstad er for tida Molde, men avdelinga dekkjer sjukehusa både i  Molde og Kristiansund. Arbeidsstad vil bli radiologisk avdeling ved SNR når det nye fellessjukehuset på Hjelset står ferdig i 2024.

Arbeidsoppgåver

  • Beskriving av røntgen, CT og MR, og utføring av ultralyd.
  • Vi prøver å leggje til rette for at ein kan fordjupe seg innan område ein har særskilt interesse for, også når det gjeld intervensjonar.
  • Det kan leggast til rette for arbeid frå heimestasjon i periodar.
  • Stillinga inneber også opplæring og vegleiing av radiologiske LIS.
  • Radiolog utfører demonstrasjonar, og deltek i multidisiplinære team. 

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere spesialist i radiologi
  • Ha norsk autorisasjon
  • Kunne snakke og skrive norsk, eller eit anna skandinavisk språk, flytande.
  • Å ha erfaring med vanlege intervensjonar er ønskjeleg. 

Personlege eigenskapar

  • Det er ønskjeleg med gode evner til samarbeid og fleksibilitet.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Martin Grotnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71122395
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde