Kort om arbeidsgiver

Fleire av LIS3 våre skal til hausten til universitetssjukehus som ledd i utdanninga si. Vi har derfor ledig 3 vikariat for 1 år med oppstart 01.09.2021. Moglegheit for forlenging.
Stilling som LIS i nevrologi er knytt til Haugesund sjukehus. Kandidatar som snart er ferdig med turnusteneste/LIS1 er velkomne til å søka. Kandidatar som ventar på LIS1 stilling kan og søkje, men dei med gjennomførd LIS1 vil bli prioriterte.


På nevrologisk avdeling har vi 7 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen avdeling i Medisinsk klinikk. Avdelinga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 9 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.

Arbeidsoppgåver

  • LIS jobbar både på sengepost, på poliklinikk og i vakt.
  • Det er for tida 8-delt tilstedevakt.
  • Varierte arbeidsoppgåver; utføring av spinalpunksjon, moglegheit for opplæring i botoxbehandling og doppler halskar, akutt slagbehandling, tverrfaglege møter m.m

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, fortrinnsvis fullført turnusteneste
  • Det er eit  krav at søkjaren er god i norsk skriftleg og munnleg
  • Det er ein fordel om søkjaren har jobba på nevrologisk avdeling på sjukehus
  • Kandidatar som snart er ferdig med turnus/LIS1 er oppmoda om å søka, men også dei som ventar på LIS1 stilling kan søka

Personlege eigenskapar

  • Vi søker entusiastiske legar som ønsker å bli nevrolog eller som ønsker å ta 1 år nevrologi som side/vidare utdanning, f.e. som ledd i spesialisering for allmenn lege
  • Gode sosiale eigenskapar er viktig
  • Du liker å jobba i team, men kan òg jobba sjølvstendig
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktlig og påliteleg

Vi tilbyr

  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • God oppfølging og opplæring når du er på jobb, enten du er på post eller du har vakt
  • Det er avsett tid i arbeidsplanen til fordjuping 1 dag anna kvar veke
  • Sjukehuset kan hjelpa til med å skaffa personalbustad og barnehageplass
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenkomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Funksjonsleder pleie
Telefon: 52732590
E-post: kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Navn: Ineke Hogenesch
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 52732590
E-post: ineke.hogenesch@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologi/slag seksjon, Helse Fonna HF
Haugesund Sykehus
5504 haugesund