Kort om arbeidsgiver

Helse  Bergen, Divisjon psykisk helsevern og avdeling for rusmedisin er i ferd  med å etablere ei ROP eining. Eininga skal ivareta pasientar med alvorlege psykiske vanskar og  rusmiddelproblemtatikk. 

Til denne einga søker vi psykiater og psykologspesialist som er engasjert i pasientgruppa og ønskjer å vere med å utvikle tilbodet ved einiga. Vi har behov for deg som har erfaring frå psykisk helsevern og rus og som ser på denne stillinga som ein sjanse til å gje pasientgruppa eit meir heilskapleg tilbod.  

ROP- pasientane fell ofte mellom to stolar i behandlingssystemet. Denne utfordringa vil vi gjere noko med og vi inviterer deg med til å bidra til å styrke helsetenesta til desse pasientane. Dette samsvarar med både nasjonale og internasjonale retningsliner, lokale brukarperspektiv og er nedfelt i Helse Bergen sin strategiplan. 

 Vi inviterer deg som er den engasjerte spesialisten til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare  for å gje pasientane eit meir samanhangande  behandlingstilbod. Du ønskjer å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kolleger og vil bidra med eit engasjert  blikk og konstruktive bidrag.  Du er interessert i både å arbeide direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Behandlaransvar i heilskaplege pasientforløp 
  • Rettleiing med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med ansvarsgruppene rundt pasienten
  • Handtere tvang i samsvar med lovverket
  • Medverke til å  utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Psykologspesialist. Spesialist i rus- og avhengighetspsykologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå klinisk arbeid med ROP-pasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt
  • Erfaring med døgnbehandling
  • Erfaring  med forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du er prosess- og løysingsorientert
  • Du skapar gode relasjonar og samhald
  • Du er  inkluderande og involverande
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du arbeider planmessig og strukturert
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet

Vi tilbyr

  • Bidra til å utvikle ei ny retning og gi eit nytt tilbod til ROP-pasientar i eit tett samarbeid mellom psykisk helsevern, avdeling for rusmedisin, kommunane og dei lolale DPS-a
  • Fagleg og personleg utvikling i eit arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
  • Krevjande og spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Roger Atle Wæhle Kårstad
Tittel: Prosjektleiar
Telefon: 41701350
Navn: Elisabeth Vikøren
Tittel: Rådgivar
Telefon: 48091686
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Hatleveien 7D
5038 Bergen
Søk på stillingen