Kort om arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling alderspsykiatri.

Avdelinga gir eit regionalt behandlingstilbod til pasientar med  alvorleg spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar og eit poliklinisk tilbod. Vi har også eit Responsteam som tilbyr rettleiing og undervisning til behandlarar og miljøpersonale i pasientsaker med alvorleg spiseforstyrring i regionen. Kompetanseutvikling, kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde.

Som legevikar ved Regional avdeling spiseforstyrringar vil du ha tett samarbeid med overlege, som vil ha det medisinskfaglege ansvaret. Du vil også samarbeide med vårt høgspesialiserte faglegeteam, som har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest

Arbeidsoppgåver

  • Somatisk utreiing og oppfølging av pasientar i sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege. Cand. med. kan òg søkje på stillinga
  • Ønskjeleg med noko kunnskap om spiseforstyrringar
  • Må kunne bruke norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for pasientgruppa
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø 

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar

Utdanningsretning

  • Medisin
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Signe Haugen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 5597 6820
E-post: signe.haugen@helse-bergen.no
Navn: Erik Johnsen
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92456225
E-post: erik.johnsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Regional avdeling Spiseforstyrringar HK6, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen