Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 %  fast stilling for spesialist i psykiatri.

Utgreiing og behandling er ein open akuttpost med 12 ordinære sengeplassar og 2 sengeplassar som disponerast av Akutt Heimebehandlingsteam. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon.

Utgreiing og behandling har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinjetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrrelsar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar. Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling og miljøterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient.

Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiater, psykolog, LIS, turnuslege, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering av mennesker i krise
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og tverrfagleg samarbeid
  • Individualterapi, pårørandesamtalar, også samtalar med barn som pårørande
  • ECT-behandling
  • Deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer psykiatere med erfaring frå arbeid innan vaksenpsykiatri
  • Det er ynskjeleg med brei klinisk erfaring, eksempelvis innan traumediagnosar, spiseforstyrrelsar og ECT-behandling
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ein person som er nytenkjande og endringsorientert
  • Gode evner til å kommunisere, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Miljøskapar der det faglege- og sosiale miljøet kan vekse og utviklast
  • Vere ein lagspelar, men sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Interesse for forbetringsarbeid/forskning innan akuttpsykiatri vektleggjast

Vi tilbyr

  • Tilrettelegging for forskningsaktivitet
  • Moglegheit for vidare- og etterutdanning
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Perny Kristin Oksnes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 70106548
E-post: Perny.Kristin.Oksnes@helse-mr.no
Navn: Siri Charlotte Johnsen
Tittel: Konst.seksjonsleiar
Telefon: 70106589
E-post: Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Utgreiing og behandling psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen