Kort om arbeidsgiver
Kommunelegekontoret i Sula  består av 7 fastlegar og 1 LIS1. Vi har ein ny fastlege som skal starte i september og treng derfor vikar i denne perioden. Kommunen kan vere noko fleksibel i forhold til tidsperioden og der er ikkje tilplikta noko offentlige legeoppgåver til stillinga.  Det er moglegheit for god inntjening da kommunen ikkje vil krevje husleige under vikariatet, og legen får sjølv alle refusjonar og eigenandelar. 

Arbeidsoppgåver 
  • Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen 
  • Vikaren vil hovudsakleg arbeide på ledig liste på ca 1100 pasientar. Men da det er mange legar på kontoret kan ein tilrettelegge for å unngå for stor arbeidsbelastning på kvar lege. Og om ein har kapasitet til å arbeide meir, vil det vere enkelt å få ekstra dagar med øyeblikkelighjelp 
  • Sula kommune inngår i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg, denne held til like ved Ålesund sjukehus, om ein ønskjer å ta vakter her kan opplæring avtalast individuelt.
Kvalifikasjonar 
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon. 
  • Del 1 av utdanningsløpet, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent.
  • Må beherske norsk språk, godt både munnleg og skriftlig 
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid, er ein fordel.
  • Det er ein fordel med sertifikat klasse B og å kunne disponere bil.
Personlege eigenskapar Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og gode samarbeidsevne i tillegg til faglege kvalifikasjonar

Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø. 
  • Godt samarbeid mellom fastlegane. 
  • Godt utstyrt kontor og dyktig personale. 
  • Kommunen vil ikkje krevje husleige for dette vikariatet.
  • Pasientbetaling og refusjonar går direkte til vikaren, med unntak av medisiner og forbruksmateriell. 
  • Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen
 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sula kommune
Kontaktpersoner
Navn: Grethe G. Øen
Tittel: Leiar ved helseavdelinga
Telefon: 70 19 91 60
E-post: grethe.oen@sula.kommune.no
Navn: Øystein Mjelde Aasen
Tittel: Fastlege og HTV DNLF
Telefon: 70199160
E-post: Oystein.Mjelde.Aasen@sula.kommune.no
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: Fastlegevikar
Arbeidssted
Kommunelegekontoret i Sula
Stadsnesvegen 9b
6030 LANGEVÅG