Kort om arbeidsgiver
Stord kommune har ledig stilling som fastlege frå 1.11.21.

Stord kommune har ledig stilling som fastlege frå 1.11.21. Praksisen er for tida lokalisert til Heiane legesenter, men dette kan verta endra. Praksisen har stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring.

Vaktordning
Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse. Legen har vaktplikt i Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD.

Vilkår
Det er ei fastlønsstilling i høve pasientarbeidet. Legen får for tida, gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom Stord kommune og Heiane legesenter. Det må forventast anna allmennmedisinsk arbeid i tillegg.

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.

Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i allmennmedisin (LIS-3) etter nærare avtale.
Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
 
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverkDet må leggjast fram politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontakt kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på 990 95 893, e-post lhs@stord.kommune.no.

Søknadsfrist: 17.05.2021

Søk på stilling
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktperson
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Arbeidssted
Rundehaugen 19
5412 STORD
Søk på stillingen