Kort om arbeidsgiver

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og
ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund
sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i
alderen 0-18 år. Det er fødeavdeling med om lag 365 fødslar/år. Ein av
barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund:

Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnemedisin, med oppstart snarast/etter avtale. Stillingen inneber arbeid i sengepost og
poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt
innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde
kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk
for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. Ein del av SNR
vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt
tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv! Høyrest dette
fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei
overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule. For meir informasjon om
Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida: Visit Nordvestlandet

    

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling oppfølging av inneliggande pasienter
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført LIS1-tjeneste
  • Vi ønskjer søkjarar med interesse for faget, og med ønskje om å spesialisere seg innan barnemedisin

Personlege eigenskapar

  • Norsk autorisasjon
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bente Askestad
Tittel: Medisinsk fagleg rådgivar
Telefon: 71121590
E-post: Bente.Askestad@helse-mr.no
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92285913
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund