Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med å bidra til å skape gode psykiske helsetjenester til pasientar i somatisk avdeling? 

Er du psykiater med interesse for psykosomatisk medisin? Helse Fonna opnar i august landets første felles akuttmottak for somatikk og psykiatri. Vi ser etter deg som vil vere med å bygge eit unikt fagmiljø der vi skal sjå og behandle heile mennesket.
Stillinga er forankra i eksisterande fagmiljø plassert i Team for konsultasjonpsykiatri. Avdelinga er i ein svært spennande prosess med nybygg og integrering av felles psykiatrisk og somatisk mottak. Du vil bli del av eit behandlarteam som har ansvar for akuttpost/akuttmottak, ECT og konsultasjon verksemd ved Haugesund sjukehus. Direkte pasientkontakt på somatiske sengepostar og i akuttmottak vil utgjera hovuddelen av stillingsinnhaldet.
Teamet utfører tilsyn ved somatiske avdelingar ved Haugesund sjukehus og har også einskilde polikliniske pasientar og oppfølgingssamtaler etter tilsyn. Samansetninga av teamet er tverrfagleg beståande av 2 spesialistar i psykiatri, 2 spesialister i klinisk psykologi, 1 psykolog, 3 LIS 3, 3 LIS 1 og 3 spesialsjukepleiar.
Konsultasjonsteamet utviklar for tida tilbodet til somatiske avdelingar ved mellom anna gruppebaserte tilbod for psykologisk mestring ved kroniske lidingar. I samarbeid med resten av sjukehuset har vi fokus på å fanga opp helseskadeleg bruk av rus og psykiske lidingar tidleg. Utover det interne samarbeidet inn mot somatiske avdelingar, samarbeider vi tett mot DPS, rusinstitusjonar og kommunale tenestar.
Vi tilbyr eit spennande fagmiljø. Det vil vera gode moglegheiter for å bygga kompetanse innan psykosomatisk medisin, og for å vera med å utforma tenestene. Dette er en nyoppretta stilling, som det vil være mulighet å vær med å utforme. Seksjonen har et aktivt forskningsmiljø, med fleire fullførte PhD gjennom dei siste åra. 

Arbeidsoppgåver

  • Nyoppretta stilling, ein kan være med å utarbeide rammene
  • Gjennomføre psykiatriske tilsyn på pasientar
  • Behandlingsoppgaver akuttpost 
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Undervisning av studentar og anna helsepesonell
  • Fagutvikling, kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område innen psykossomatikk ein er spesielt interessert i.

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk spesialistgodkjenning innen psykiatri
  • Erfaring fra CL psykiatri er ønskeleg.
  • Ønskeleg med erfaring frå somatiske avdelingar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personer uten norsk som morsmål må minimum ha bestått språktest C1-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Diana Mari Heggen Lauritzen
Tittel: Funksjonsleder
Telefon: 52732721
Navn: Heine Hagenberg
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 52 73 27 22
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Spesialisert behandling Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillingen