Kort om arbeidsgiver
Bømlo kommune har ledig tre 100% stillingar som allmennlege, to frå 01.01.22, og  den tredje frå 01.09.21. Etter nærare avtale kan det vere aktuelt å tilby stilling og oppstart før denne dato på mellombels vilkår.
Den eine stillinga er f.t. knytt til Bremnes legesenter, sentralt plassert på Svortland, og har plass til seks legar.

Den andre stillinga er f.t. knytt til to ulike legekontor der fleire legar har teneste: nytt legekontor på Moster, der ein får plass til fire legar, og Bømlo legekontor med plass til to legar.

Den tredje stillinga er f.t. knytt til Kystlegane A/S, som ligg sentralt plassert på Svortland. Kontoret har privat drift, der fire legar har privat drift, medan denne stillinga får kommunal tilsetting med fastløn.
Listetak ved oppstart: 700 pasientar. Ein må forventa å auke listetaket ved fullført spesialisering etter nærare avtale.

Andre krav til stillingane;
  • Kommunal oppgåver etter nærare avtale med inntil 7,5 timar pr veke.
  • Pliktig deltaking i legevakt med omlag 3 vakter pr månad ved Sunnhordland interkommunale legevakt som er lokalisert i eige legevaktsbygg ved Stord sjukehus.
Kvalifikasjonar
  • Lege med norsk autorisasjon.
  • Spesialist i allmennmedisin eller har starta spesialisering i allmennmedisin.

Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Kan arbeida sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner og behersker godt norsk munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetting.
Me tilbyr
  • Moglegheit for ALIS avtale. Kommunen vil avtale nærare med deg tilrettelegging og vilkår knytt til vidare spesialisering. Kommunen har avtale med Helse Fonna om teneste i spesialisthelsetenesta som del av spesialisering i allmennmedisin.
  • Moglegheit for overgang til privat drift. 

For nærare opplysingar om Bømlo kommune og legetenesta: www.bomlo.kommune.no

Har du spørsmål, ta gjerne uforpliktande kontakt med leiar for legetenesta.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Kontaktperson
Navn: Tove Britt Digernes
Tittel: Leiar legetenesta
Telefon: 53 42 33 05 / 992 54 351
E-post: tove-britt.digernes@bomlo.kommune.no
Arbeidssted
Leirdalen 25
5430 BREMNES
Mer om arbeidsgiver

Bømlo er ein landfast øykommune med nær 12.000 innbyggjarar, sentralt plassert mellom Bergen og Stav...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image