Kort om arbeidsgiver

Stord DPS er eitt av fire distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helsevern, og har døgnavdeling og poliklinikk. Opptaksområdet dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Stord DPS er organisert saman med BUP Stord under felles leiing.

Vi har ledig fast LIS 3 stilling ved poliklinikken. Stillinga vil gje anledning til spesialistløp i psykiatri eller rus- og avhengighetsmedisin (utdanningsløp i rus avventer godkjenning). 

Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekke spesialiserte gruppetilbud, mellom anna DBT, IMR, 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande) og medisinsk yoga/mindfulness. Vidare har vi eige FACT-team, TSB-eining, døgnavdeling og IPS-team i samarbeid med NAV Sunnhordland.

Vi ynskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning. Det er stor grad av fleksibilitet til å fylje utdanningsløp som er i tråd med eigne faginteressar.  Vi har eit stabilt fagmiljø, med fast tilsette lokalt forankra overlegar. Stord DPS har p.t. 4 overlegestillingar og 2 LiS-stillingar. Både poliklinikken og døgnavdelinga er godkjent som utdanningsinstitusjon for LiS i spesialiteten i psykiatri, og vi kan i Helse Fonna tilby eit samla spesialiseringsløp innan psykiatri og snarleg innan rus- og avhengighetsmedisin.

Les meir om vårt tilbod innan 4-dagarsbehandling!

Stord DPS ligg på Stord i Sunnhordland. Stord har 18 000 innbyggjarar, vakker natur med fjell, skog og sjø, eit rikt kulturliv, høgskule med sjukepleie- og lærarutdanning og betydeleg maritim næring. Stord har lufthamn med daglege avgangar til Oslo. Norges nest og tredje største byar, Bergen og Stavanger, når du med bil eller offentleg transport på høvesvis to og tre timar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Rettleiing til samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging (rettleiing, undervisning, teamarbeid).

Kvalifikasjonar

  • Må ha dokumentert autorisasjon
  • Gjennomført LIS1 teneste, eller tilsvarande
  • Må kunne norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Ansvarleg
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenesteforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved psykiater
  • Psykoterapirettleiing
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna
  • Moglegheit for forsking i klinikk

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Håvard Wester Breistein
Tittel: Seksjonsleiar SDPS/BUP
Telefon: 93224877
E-post: havard.wester.breistein@helse-fonna.no
Navn: Olav Koppang Sævareid
Tittel: Funksjonsleiar SDPS
Telefon: 91741403
E-post: olav.koppang.sevareid@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Stord DPS, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord