Kort om arbeidsgiver
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin, Avdeling spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri.

Avdeling alderspsykiatri består av to seksjonar: Seksjon for ECT og Seksjon for alderspsykiatri. Seksjon for alderspsykiatri behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Seksjonen har 12 senger, poliklinikk og ambulant team. Seksjon for ECT  er ein behandlingseining som gir ECT-behandling til pasientar i opptaksområdet. Vi er lokalisert i Glasblokkene, Haukeland universitetssjukehus.

Avdeling alderspsykiatri har ledig vikariat for overlege, spesialist i psykiatri, frå 20.09.2021 til 31.03.2022

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering og behandling av enkeltpasientar ved seksjonane tilknytta Avdeling alderspsykiatri 
  • Arbeide i tverrfagleg team
  • Rettleie og formidle kunnskap internt og til samarbeidande instansar
  • Medverke til fagleg utvikling av tenestetilbodet
  • Vere ein aktiv bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Ved behov, utføre arbeidsoppgåver ved andre einingar i klinikken som er lokaliserte i BUS

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i voksenpsykiatri, eller i ferd med å sluttføre spesialisering
  • Det er ein fordel med erfaring frå behandling av alderspsykiatriske pasientar
  • Det er ein fordel med erfaring med ECT 
  • Det er eit krav at den som blir tilsett må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Dokumenterte gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for dine medmenneske
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Trivast med å samarbeide på tvers av organisatoriske einingar, og utvikle gode samarbeidsrelasjonar med einingane både innanfor Divisjon psykisk helsevern, dei somatiske einingane i Helse Bergen og eksterne samarbeidspartnarar
  • Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagutvikling og forsking
  • Løn etter avtale

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Eirik Kjelby
Tittel: Overlege
Telefon: 55974432
Navn: Turid Vetaas
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974415
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen