Kvinnherad kommune har vel 13.100  innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
 
Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 2 sjukeheimslegar i totalt 120% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
 
Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste.
 
Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.
 
Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter
Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.
 
Vi søker etter engasjert lege til ledig heimel med listetak på 600 pasientar. Vi er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna. Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt og presentera kva listelengde du ynskjer.
 
Det er ikkje «goodwill» knytt til heimelen.
 
Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.
 
Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt.  
 
Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1200 listepasientar. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 90 % stilling.
 
 
For stillinga søkjer vi lege som har:
  • norsk autorisasjon
  • fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Søkjarar som beherskar nordisk språk skriftleg og munnleg kan søkje
  • gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
 
Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førarkort for bil.
 
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.
 
 
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
 
fastlege ved Husnes helsesenter Sindre Nymark Jensen tlf. 53 46 16 00
sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
 
kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308
glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
 
einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055
irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
 
 
Søknadsfrist: 18.04.2021
Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Sindre Nymark Jensen
Tittel: Fastlege Husnes helsesenter
Telefon: 53 46 16 00
E-post: sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Stølshaugvegen 3
5460 HUSNES