Kort om arbeidsgiver

Lyst å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?

I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.  
Poliklinikken i Volda er delt inn i 3 tverrfaglege, geografiske team som gir tilbod om utgreiing og behandling til barn og unge i alderen 0-18 år. Ved poliklinikken er det etablert småbarnsteam, akutt ambulant team, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda.

Poliklinikken i Volda har ledig eitt års vikariat for lege i spesialisering  i 100% stilling, med oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Inngå som medlem i tverrfagleg generalist-team
  • Delta i utgreiings- og behandlingsoppgåver som er knytta til tilviste pasientar og pårørande
  • Delta i samarbeidsmøter i lag med lokale samarbeidspartar
  • Tilby råd og rettleiing til lokale samarbeidspartar
  • Oppsummert vert det venta at legen deltek i alle delar av pasientforløpet

Kvalifikasjonar

  • Legar som har erfaring frå allmennpraksis og som er i behov for eitt års praksis frå spesialisthelsetenesta, vert særleg oppmoda om å søke
  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Det vert krevd framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Ved tilsetting vil det verte lagt vekt på personleg dugleik, og på evne og vilje til samarbeid
  • Tilsette vert kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og må trivast med dette
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag
  • Grunna utadretta arbeid er det ynskjeleg med sertifikat for bil

Vi tilbyr

  • Eit fagfelt i rivande utvikling
  • Sterkt tverrfagleg utviklings- og læringsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her:  https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY og her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kari Standal
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058570
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillingen