Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår nye kollega?

Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom i Nordmøre og Romsdal har aktivitet både i Molde og i Kristiansund. Vi har eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø som arbeider godt saman. Vi held på med ei stor satsing som inneber rekruttering av fleire nyutdanna jordmødre og legar i spesialisering.

Avdelinga har eit fødselstal på over 700 born årleg. Utover obstetrikk har vi òg eit godt gynekologisk tilbod ved sjukehuset. Det kirurgiske tilbodet held eit høgt nivå, og vi gjer det meste av generell gynekologisk kirurgi - laparoskopisk, abdominalt og vaginalt. 

Du vil bli ein del av eit større fagmiljø i Helse Møre og Romsdal. Vi samarbeider nært med kollegane våre i Ålesund og Volda, i tillegg til St. Olavs hospital i Trondheim som har regional funksjon. Her vil det vere gode moglegheiter for jobbutveksling, hospitering og anna samarbeid som til dømes forsking. Det er med andre ord gode moglegheiter til å utvikle seg fagleg. Vi kan og vurdere søknadar frå kandidatar som er nær å fullføre spesialiseringa si.

I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset rett utanfor Molde sentrum! Les meir om sjukehuset her

Visste du dette om Molde?
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må vere godkjent spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
  • Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og samstundes fungere godt i team 
  • Du må vere motivert for fagleg utvikling

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Vi dekkjer flyttekostnader og vi tilbyr hjelp til bustad
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Øyvind Nytun
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 92807372
E-post: oyvind.nytun@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen