Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer ein framtidsretta leiar, som ønskjer å bidra til vidare utvikling og forbetringsarbeid i ein sentral klinikk ved Haukeland universitetssjukehus.  Vi søkjer ein klinikkoverlege som er konstruktiv, involverande og nytenkjande i dialog med pasienten, fagmiljø og samarbeidspartnarar. 

Klinikkoverlegen vert ein viktig støttespelar i arbeidet med å oppretthalde og vidareutvikle dei gode prosessane som allereie er sett i gang, samt ein pådrivar til framtidige utvikling- og forbetringsoppgåver. Vi ønskjer oss ein klinikkoverlege som trivast når det er travelt og som har solid kunnskap om spesialisthelsetenesta og det pasientnære, kliniske arbeidet. Som klinikkoverlege vil du rapportere til klinikkdirektør Anne Taule, og du vil vere med i leiargruppa ved Mottaksklinikken.

Mottaksklinikken vart etablert i 2014. Føremålet med etableringa var å sikre at Øyeblikkelig hjelp-pasienten får rask og riktig diagnose, rett behandling på rett stad i sjukehuset og til rett tid. Klinikken var under oppbygging fram til 2018 og har sida hatt 61 utgreiingssenger og 10 senger for overvaking av akutte og alvorlege rustilstandar, i tillegg til 5 observasjonssenger og Akuttmottak. Klinikken er inndelt i sju einingar, herunder ei lita FOU-eining og ein, etter kvart, ganske stor legeeining.

Tverrfagleg, tverrprofesjonell og teamorganisert er stikkord for korleis vi jobbar i eininga. Mottaksklinikken er sentral i Mottaksmodellen, som er Helse Bergen sin framtidsretta måte å organisere mottak og fordeling av akuttpasientar inn i sjukehuset. Ein modell som involverer alle klinikkar rundt pasientstraumen, og som har pasienten i sentrum. Med meir enn 370 tilsette er klinikken også sentral i etableringa av den nye spesialiteten i Akutt- og Mottaksmedisin for legar og vidareutdanning i Akuttmedisinsk sjukepleie. Mange av våre tilsette har allereie fått vidareutdanninga og spesialiteten og fleire er i utdanningsløpet.

Forskingsaktiviteten er i sterk vekst og det pågår fleire store prosjekt i klinikken. Likeeins har vi eit kontinuerleg fokus på pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring.

Vi søkjer etter ein klinikkoverlege som ønskjer å leie ei legegruppe med legar som har ulik fagleg bakgrunn. Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig. Vi søkjer deg som trivast når det er travelt og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda. Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team.

Dersom du er ein leiar som set pasienten i fokus, er opptatt av gode samarbeidsrelasjonar, likar å jobbe med menneske, er opptatt av fagleg utvikling og har god gjennomføringsevne, er du den vi søkjer!  

Arbeidsoppgåver

  • Medisinskfagleg ansvar
  • Personalansvar for legane i klinikken
  • Ansvar for økonomien innan sitt verkefelt i klinikken
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområde i og utanfor klinikken
  • Utvikle kvalitets- og pasienttryggleiksarbeid
  • Prosjektdeltaking og –leiing
  • Skal samhandle om og leie utdanning av spesialistar, øvrige medarbeidarar og studentar
  • Klinisk, pasientretta arbeid

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i relevant klinisk spesialitet
  • Fagleg kompetanse, klinisk erfaring og leiareigenskapar blir lagt vekt på
  • Relevant leiarerfaring og eventuelt utdanning vil telje positivt
  • Interesse for akutt- og mottaksmedisin
  • Akademisk kompetanse og forskingsaktivitet blir lagt vekt på?
  • Erfaring med leiing og utvikling av team
  • Søkjar må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Evne til å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
  • Jobbar planmessig, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Inkluderande og involverande
  • Gode samarbeidsevne
  • Gode kommunikasjonsferdigheter
  • Robust
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Anne Taule
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 97531891
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen