Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Ålesund kommune har ledig 3 fastlegevikariat.
Ved Jomarka legesenter er det ledig eit 100 % vikariat i fastlegeheimel ledig for oppstart frå 21.04.2021, med i utgangspunktet varigheit eitt år. Det kan verte aktuelt å arbeide ved eit anna legekontor i siste del av perioda. Listelengda er 1050. Kontoret har 4 fastlegar.
Adresse til kontoret: Blindheimshaugen 9 - 6012 Ålesund
Webcruiter-ID:4352227867
Ved Daaeskogen legesenter er det ledig ei kombinasjonsstilling av 50% arbeid som fastlege ved Daaeskogen legesenter og 50% offentleg legearbeid. Stillinga er ledig frå 01.06.21 - til 31.05.22.
Arbeid som fastlege er knytta til liste med 750 innbyggarar, og offentleg arbeid vil være ved sjukeheim og/eller helsestasjon.
Daaeskogen legesenter er eit kommunalt drifta senter med totalt 7 legar i kombinasjonsstilling og 2 LIS1 legar.
Adresse til kontoret: Langelandsvegen 17 - 6010 Ålesund
Webcruiter-ID:4369250832
Ved Brattvåg legekontor er det ledig eit vikariat i
100 % stilling frå 01.07.21 med varighet til 30.04.22.
Vikariatet er ei kombinasjonsstilling med 80% arbeid som fastlege og 20% offentleg legearbeid.
Listelengde er 800 innbyggarar.
Legesenteret er kommunalt.
Kontoret har 6 fastlegar og 1 LIS1 lege.
Adresse til kontoret: Strandgata 40 - 6070 Brattvåg
Webcruiter-ID:4369199885
Alle legekontora held til i moderne lokaler og er godt utstyr. Journalsystem ved kontora er CGM allmenn.
I vikariata innngår deltakelse i kommunal legevaktsordning ved Ålesund Interkommunale legevakt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Personleg eignaheit som fastlege og kollega i senteret.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
- Ønskeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
- Vikariat forutsett at ein kan legge fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
- Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og fagleg engasjement med personlege eigenskaper som gjer deg eigna til jobben.
Legar som kan arbeide heile periodar vil bli prioritert, men dersom du kun kan arbeide deler av oppgitt periode så oppmodar vi deg likevel til å søke.
Vilkår for oppstart vert avtalt med kommuna.
Moglegheit for å velje mellom sjølvstendig næringsdrift eller kommunal fastløn.
Lenke til webcruiter portal i søknadsskjema. Søk opp vikariatet du ønsker å søke på ved navn på kontor eller oppgitt webcruiter-ID.