Kort om arbeidsgiver
Fastlegevikariat ved Dale legekontor i Vaksdal kommune

Det er ledig fastløna fastlegevikariat ved Dale legekontor i Vaksdal kommune
Vi har ledig fastlegevikariat i 80-100% stilling, med varigheit frå 15. april til og med 15. september.
Det er eit koronarelatert avlastingsvikariat for fleire av fastlegane i kommunen.

Arbeidsstad
Legekontora i Vaksdal kommune er på Dale i Heradshuset i eigne lokaler. Kommunen tilbyr rettleiing for legar i spesialisering i allmennmedisin. Det er lett å pendle både frå Voss og Bergen.

Arbeidsoppgåver
  • Det kan ved behov bli lagt til offentlege oppgåver, sjukeheim eller tilsvarande
  • Det må påreknast daglegevakt ein til to dagar/veke
  • Det må påreknast deltaking i interkommunal legevakt på Voss
  • Arbeidstid kvardagar frå kl. 08.30 – kl. 16.00.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Norsk autorisasjon som spesialist i allmennmedisin, lege med godkjenning som allmennlege eller lege under rettleiing med gjennomført LIS 1 (HPR nummer vert oppgitt i søknad).
  • Kjennskap til norsk helsevesen
  • Naudsynt med førarkort klasse B
  • Gode evner til kommunikasjon, samt gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, og referansar må leggjast ved søknad. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fastløn etter avtale
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller HR-konsulent tlf: 95 52 75 04 eller e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Kontaktperson
Navn: Ole Miltzow Thorseth
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 954 44 540
E-post: ole.thorseth@vaksdal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Fastlegekontora på Dale
Konsul Jebsensgate 16
5722 DALEKVAM
Søk på stillingen