Kort om arbeidsgiver
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune søkjer fastlege til privat næringsdrift ved Sandtangen legesenter. Oppstart frå 1.07.21 er ønskeleg, eller etter nærare avtale. Listestorleik pr 1.03.21 er 995 pasientar. Økonomiske vilkår ved overdragelse av praksis vert forhandla med avtredande lege, jmf asa 4310 § 5.6. Kommunen kan tilby mellom anna gunstig lån og tilskot til LIS3 beskrevet lenger ned i annonsen. Det er mogleg å prøve i vikariat som næringsdrivande inntil 6 måneder før ein bestemmer seg endeleg. Eventuelt kan det vurderas å avtale fastlønn i heile eller deler av vikariatet.
Arbeidsoppgåver
Følgje opp pasientar på liste.
Offentlege oppgåver på helsestasjon for tiden 9,33% stilling.
Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og i tidsrommet 08-23 i helger.
Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes 60-delt kl 23-08.
Delta i administrative oppgåver ved felles drift av legesenteret.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
Ein vil vektlegge personlege eigenskaper som:
- Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.
- Gode samarbeidsevner.
- Arbeider strukturert og sjølvstendig.
Vi tilbyr
Kommunen kan tilby:
- Rente- og avdragsfritt lån inntil 50% av kjøpesummen (maks lån 500 000,-) i 5 år og påfølgende 3 års bindingstid.
- Garanti for 70% av kjøpesummen (maks garantisum kr 700 000,-) ved evnt salg av praksisen igjen innen 5 år.
- Introduksjonkurs og rådgiving i regnskap inntil fem timar.
- For LIS3 kan det gis årleg tilskot på inntil kr 300 000,- i løpet av spesialistutdanninga i tråd med Helsedirektoratet si tilskotsordning .
Praksis ved Sandtangen legesenter sentralt plassert på Bryne. Legesenteret holder til i moderne og funksjonelle lokale, er godt utstyrt og husar seks fastlegar og ein ALIS-stilling i offentleg verksemd. Fleire av legane er spesialist i allmennmedisin. Stabilt og dyktig hjelpepersonell med sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør.Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert nytta.