Kort om arbeidsgiver

Vil du bli vår nye fagdirektør?

Helse Førde har ledig 100% fast stilling som Fagdirektør. 

Vi søkjer ein kompetent og nytenkande fagdirektør med engasjement for å vidareutvikle spesialisthelsetenesta, og som har eit samfunnsmedisinsk perspektiv.  

Fagdirektør har ein sentral posisjon som del av Helse Førde si føretaksleiing, og som administrerande direktør sin medisinsk faglege rådgjevar. Fagdirektør er tilsett i Fag og utviklingsavdelinga og rapporterer til utviklingsdirektør. Regionalt samarbeid er ein viktig del av arbeidet. 

Fagdirektør skal medverke til at Helse Førde når strategiske mål, og er sentral i arbeidet med kvalitetssikring og styrking av føretaket sitt arbeid med kvalitet og pasienttryggleik. «Forskrift og ledelse og kvalitetsforbedring i spesialisthelsetjenesten» (2016) er styrande for arbeidet. Arbeidet skjer i samarbeid med organisasjonen og dei ulike klinikk/fagområda. Oppgåvene vert løyste saman med medarbeidarane/seksjonane i Fag og utviklingsavdelinga, som har følgjande oppgåver kvalitet og pasienttryggleik, forsking og innovasjon, utdanning, kompetanseutvikling, systemansvar for dei kliniske EPJ-systema, utvikling og strategisk planlegging,

Som fagdirektør, får du ta del i spanande utviklingsarbeid med å innrette spesialisthelsetenesta for framtida. Vi skal utvikle Pasientens helseteneste, der helsehjelpa i større grad skal gjevast på brukarane sine premiss. Helsetenestene er i stadig endring som følgje av m.a. medisinsk og teknologisk utvikling, endringar i demografi og sjukdomsbilete. Helse Førde skal vere fagleg oppdaterte og tilby pasientane her gode og likeverdige tilbod.  Vi har eit tett samarbeid med kommunane.

Arbeidsoppgåver

  • Styrke og overvake arbeidet med kvalitet og pasienttryggleik
  • Sikre forsvarleg handsaming av avvikssaker, tilsyns- og klagesaker
  • Systemansvar for elektronisk pasientjournalsystem
  • Vurdere resultat og gje analysar som grunnlag for forbetringstiltak
  • Vere aktiv pådrivar for utvikling av tenestene, og for innovasjon og forsking
  • Bidra i arbeidet med opplæring, utdanning og rekruttering 
  • Delta i samhandlinga med kommunar og fastlegar
  • Førebu, leie / delta i strategiske råd og utval internt og eksternt 
  • Sakshandsaming, høyringar, presentasjonar
  • Rådgjeving internt og deltaking i regionale fora 

Reiseaktivitet: Det er knytt noko reiseaktivitet til arbeidet 

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen og relevant spesialisering
  • Brei relevant yrkeserfaring, gjerne frå sjukehus
  • Utdanning og brei erfaring innan leiing og rettleiing er ei føremon
  • Kompetanse eller utdanning innan arbeid med kvalitet og forbetring vil bli lagt vekt på
  • Erfaring frå sakshandsaming, analysearbeid og rapportering
  • Interesse for forvaltning og etiske og juridiske forhold i helsetenestene
  • Gjerne forskingskompetanse
  • Utdanningsnivå: Universitet Hovudfag/mastergrad/doktorgrad 

Personlege eigenskapar

  • God relasjonsbyggar med offensiv, strukturert og systematisk arbeidsform
  • Analytisk, reflektert og med evne til å handtere komplekse problemstillingar
  • Heilskapsforståing av samfunnsoppgåva
  • Resultatorientert og med god gjennomføringsevne
  • God forståing for prosessarbeid
  • Løysingsorientert, open og med evne til å motivere andre
  • Heilskapstenkande og utviklingsorientert
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det blir lagt stor vekt på at du er personleg eigna for oppgåva

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande oppgåver og sentral rolle i eit aktivt utviklingsarbeid
  • Stimulerande arbeidsmiljø med gode høve for fagutvikling
  • Konkurransedyktige løns- og personalvilkår, løn etter avtale
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Arve Varden
Tittel: Administrerande direktør
Telefon: (+47) 992 19 352
Navn: Anne Kristin Kleiven
Tittel: Uviklingsdirektør
Telefon: (+47) 415 30 341
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Fag og utviklingsavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde