Kort om arbeidsgiver

Er du lege med interesse for prehospital medisin og erfaring frå legevakt eller akuttmedisin? Vil du lære meir om maritim medisin og telemedisin for sjøfolk? Då er det kanskje deg vi ser etter. Det er ledig vikariat ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) tilknytt den telemedisinske vakttenesta for sjøfolk, Radio Medico.

Lege med vakt i Radio Medico 50-100% (tiltreding snarast, med varigheit til januar 2022)

NSMDM er eit nasjonalt kompetansesenter i Helse Bergen HF med formål om å fremje helse blant sjøfolk og dykkarar. Vi er 16 tilsette og driv bl.a. undervisning, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar, samt drift av den telemedisinske legevakta til sjøs, Radio Medico.

Radio Medico er ei 24/7 telemedisinsk vaktteneste for sjøfolk som blir sjuke og treng medisinske råd medan dei er til sjøs. Tenesta gjev råd til rundt 1800 sjøfolk i året, i tett samarbeid med hovudredningssentralane. Arbeidsstaden er haukelandsområdet. Vaktarbeid i Radio Medico er for tida seksdelt, med heimevakt deler av døgnet. Til stillinga vil det inngå prosjektarbeid, saksutgreiingar og undervisning ved NSMDM, i tillegg til vaktarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Telemedisin – vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs   
  • Undervising – halde førelesingar på kurs for helsepersonell og sjøfolk
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til å løyse senterets oppdrag (arbeidsoppgåvene vil kunne endrast over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansetnaden i personellgruppa)

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege i Noreg og gjennomført turnus/lis1
  • Interesse for allmennmedisin, prehospital medisin eller akuttmedisin
  • Kjennskap til maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) eller erfaring frå helsetenester i ein distriktskommune vil telje positivt
  • Evne til å uttrykkje seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk 
  • Teknologisk interesse vil telje positivt

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevnar
  • Fleksibel
  • Løysingsorinetert

Vi tilbyr

  • Ei unik erfaring innan telemedisin/fjernoppfølging
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling (all nødvendig opplæring blir gitt)
  • Lønn etter avtale 
  • Dersom søkjaren ønskjer å behalde ein 50% stilling i anna klinisk verksemd for å oppretthalde klinisk kompetanse, er vi opne for å sjå på moglegheiter for å leggje til rette for dette  
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jon Magnus Haga
Tittel: Seksjonsleiar lege
Telefon: 90823355
E-post: jon.magnus.haga@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen