Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med på laget?  Styrking av habiliteringstilbodet til pasientar med medfødte funsjonsnedsettingar.

 
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) søkjer overlege i 100% fast stilling. 

Avdelinga er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag på ulike lokalisasjonar. Det er planlagt innflytting i felles bygg på Nordås i 2024.

Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO  har ofte samansette kognitive og medisinske utfordringar. Vi greier ut og behandlar i hovudsak personar med grunnlidingar som utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrringar. Mange er unge vaksne som møter utfordringar i overgangen til vaksenlivet. Vanleg tilleggsproblematikk kan vera epilepsi, syndromer, psykiske helseutfordringar, åtferd som utfordrar, Tourettes syndrom, motoriske vanskar. Det er i tillegg ein auka førekomst av tidleg demens i målgruppa.  Vi planlegg også oppbygging av tilbod til vaksne som har CP og/eller nevromuskulære sjukdommar.   

Stillinga som overlege i HAVO skal først og fremst ha fokus på medisinske undersøkingar og behandling.  Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga. Ein viktig del av arbeidet er også rådgjeving  og veiledning til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til øvrige deler av spesialisthelsetenesta. 

HAVO arbeider tverrfagleg, og avdelinga består av psykologar/psykologspesialistar, vernepleiarar og ergoterapeutar med ulik tilleggsutdanning, samt 2 overlegar som er spesialistar i psykiatri og nevrologi. Arbeidsforma i dag vekslar mellom poliklinikk og ambulante tenester. Det er til saman 27 tilsette ved avdelinga.

AFMR som HAVO skal samlokaliserast med på Nordås, er ein langt større avdeling med fleire tilsette og med både sengepostar og poliklinikk. Auka samarbeid med AFMR er mogleg også før samlokalisering.

Vi søkjer etter ein overlege som har interesse for våre målgrupper og som ønskjer å vidareutvikle tilbodet i HAVO.

Tilsetjingsdato er 01.08.2021 eller etter nærare avtale.

Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. 

  Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs og undervising kan vere aktuellt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning er ønskjeleg. Fleire spesialitetar er aktuelle, til dømes nevrologi, psykiatri, fysikalsk medisin og rehabilitering, barne- og ungdomspsykiatri
  • Kjennskap til og interesse for fagfeltet
  • Søkjar må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til tverrfagleg samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om opplæring/rettleiing
  • Fagleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtale

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Kjersti Agnete Erdal
Tittel: Klinikkleiar
Telefon: 55918405 / 91721534
Navn: Randi Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55535000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
ReHabiliteringsklinikken
Olav Bjordalsvei 29
5111 Breistein