Kort om arbeidsgiver

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 uker-18 år i heile fylket. Vi har
spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga
har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund, Molde og Kristiansund.
I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund
er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter.

I Ålesund har vi tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for
neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og
tertiærvakt 5 delt. 
I Kristiansund finn ein sengepost, poliklinikk for barn
og ungdom og habiliteringseining,  Der med to vaktsjikt; primærvakt og generell bakvakt.  

Avdeling for barnemedisin og habilitering ved sjukehuset i Ålesund har ledig følgjande vikariat for lege i spesialisering:
4 stillingar i perioden 01.09.2021 - 31.08.2022,
1 stilling i perioden 01.06.-31.12.21 
1 stilling i perioden 01.09.-31.12.21.

Ved ev intern tilsetting kan andre vikariat bli ledige.

Arbeidsoppgåver

  • Lege i spesialisering skal delta i avdelinga si gjeldande vaktordning, og i dagleg postarbeid og poliklinikk.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege.
  • Må ha gjennomført LIS 1 eller anna teneste som er godkjent som erstatning for dette.
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg. 

Personlege eigenskapar

  • Søkjarar må ha gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå.
  • Fokus på god spesialistutdanning.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er vidt kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teke ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.  Les meir om Ålesund og omland her: https://no.visitalesund.com/

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Christine Vaksdal Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70 16 76 45
E-post: christine.vaksdal.nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund