Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.
Avdelinga har 2 vikariater i 100 % stilling som LIS - ledig frå medio april 2021 til april 2022, med moglegheit for forlenging.
Vi har for tida 8 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og nyfødtintensiv eining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Helse Fonna har nyleg starta arbeidet med å bygge ut Haugesund sjukehus med 18 000 m2. Målet er at nyfødtintensiv skal få modernisert sine lokalar innan medio 2022, men enno noe usikkert om det blir. Vi dekkjer også sjukehuset si barnehabiliteringsteneste.
Vi har godt samarbeid med universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger. Avdelingen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Vidareutdanning vil skje ved henholdsvis Haukeland Universitetssjukehus eller Stavanger Universitetssjukehus etter nærmare avtale.
Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Norge har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund / Karmøy har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
- Delta i utgreiing og behandling
- Deltaking i undervisning
- LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter
Kvalifikasjonar
- Søkeren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
- Norsk autorisasjon
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Må trivst med teamarbeid
- Sjølvstendig og strukturert
- Fleksibel og arbeidssam
- At søkjaren er personleg eigna og har gode samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Eit godt kollegialt miljø
- Høgt fagleg nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk