Hyllestad kommune har no ledig ei spennande og viktig nøkkelstilling som kommuneoverlege/fastlege.

Arbeidsoppgåver
Stillinga har oppgåver knytt til vanleg fastlegeheimel med listetak på ca 400 pasientar.  Som kommuneoverlege vil du ha oppgåver knytt til helsefagleg beredskap, miljøretta helsevern og medisinskfagleg rådgjeving.

Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein ny medarbeidar som har
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Fullført turnusteneste.
  • Er spesialist i allmennmedisin eller samfunnsmedisin, eller motivasjon for å ta slik spesialisering.  Det er ønskjeleg at ein på sikt har ein kommuneoverlege som er spesialist i samfunnsmedisin.
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit, interesse og kunnskap vil bli vektlagt.
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel.
  • Tilfredsstillande politiattest må framleggast før tiltreding.
  •  Førarkort for personbil.
Vi kan tilby
  •  Fastløn, ev. legepraksis som privat praksis om ønskjeleg.
  •  God pensjonsordning.
  •  Deltaking i legevakt med SYS-IKL, lokalisert i Førde.
  •  Erfarne kollegaer, både på legesida og hjelpepersonale, gode kollegaer i tverrfagleg samarbeid.
  •  Legesenter i lyse og trivelege lokaler, velutstyrt laboratorium.
 
Vel møtt som søkjar i Hyllestad kommne!
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Hyllestad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Martin Lundgård
Tittel: Kommunedirektør
Telefon: 57789500
E-post: martin.lundgard@hyllestad.kommune.no
Navn: Elin Garnes Solås
Tittel: Kontor- og personalsjef
Telefon: 57 78 95 04
E-post: elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hyllestad legekontor
Lifjordvegen 7
6957 HYLLESTAD