Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa kommuner. Kommunen har i underkant av 25 000 innbyggarar med rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står ovanfor store endringar, og er avhengig av stor medverknad frå alle sine tilsette. Leiinga anerkjenner dei tilsette sine kvalitetar og oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader, workshops og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag. Målet for Bjørnafjorden kommune er å vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. Med desse måla, saman med større omstilling i organisasjonen treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?
Kommunen har ledige fastlegeheimlar frå snarast.
Bjørnafjorden kommune har 25 legar med ulike listestorleikar i kommunen. Vi har døgnopen legevakt to stader i kommunen, på Moberg i Os og i Eikelandsosen i Fusa.
Kommunen har gjenkjøpsgaranti for fastlegeheimlane. Kommunen garanterar for 950.000,- for ein periode på 3 år.
Søkjarar som ønskjer vikariat vil og bli vurderte.
Flåten legesenter held til i kjøpesenteret Amfi Os i moderne lokalar med svært god tilgjegeligheit for pasientane.
Begge stillingane har for tida liste på omlag 1000 pasientar, og inngår i ein gruppepraksis organisert som eit DA, med 25 % på kvar av dei fire legane.
Legesenteret brukar Infodoc plenario journalsystem og Melin/Credicare betalingsterminal, er tilknytt norsk helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pasientar, NAV, heimetenesta, sjukeheim og sjukehus. Senteret har alt av nødvendig laboratoriumsutstyr.
Os Allmennpraksis eit veldrive legesenter med et godt arbeidsmiljø bestående av fire leger og fire helsesekretærer. Senteret er lokalisert i Os sentrum i romslige lokaler. Praksisen nyttar Infodoc Plenario journalsystem, betalingsterminal frå Melin/ Credicare, regnskapsfører ved Legeregnskap AS, og er tilknytta Norsk Helsenett. Legesenteret har nødvendig inventar, kontor- og laboratorieutstyr. Ledige lister består av om lag 1100 pasientar utan tilknytta kommunal bistilling.
Bjørnafjorden kommune har døgnopen legevakt kor du inngår i vaktturnus med stor grad av fleksibilitet, anten du vil ha fleire eller færre vakter. Det er konkurransedyktig fastlønn og hjelpepersonell tilknytt for legevaktoppgåvene. Kommunen er opptatt av eit godt og tett samarbeid med fastlegane, og jobbar systematisk på dette området gjennom velfungerande ALU (allmennlegeutval) og SU (samarbeidsutval).
Arbeidsoppgåver og ansvar er slik det følger av lov, forskrift og avtaleverk.
Det er ein føresetnad at praksis blir overdratt frå dagens heimelshavar i tråd med ASA 4310.
Kvalifikasjonar
- Gyldig legeautorisasjon utan avgrensingar
- Godkjent turnus/LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
- Spesialisering i allmennmedisin. Dersom du ikkje alt er spesialist i allmennmedisin, må forløpet vere påbegynt eller du må vere villig til å starte på spesialisering
- Vi legg vekt på erfaring frå allmennmedisin og relevante spesialitetar
- Krav om politiattest og NOKUT-godkjent utdanning
Personlege eigenskapar
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for å fungere godt i heimelen
- Gode samarbeidsevner med kollegaer og hjelpepersonell
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, språkkunnskap tilsvarande "Bergenstesten" (test i norsk høgare nivå)
- Evne til å drive privat praksis.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande lege i ein etablert og veldriven praksis med inntjening frå første dag
- Det er ingen pliktar om kommunale allmennlegeoppgåver knytt til heimelen p.t.
- Fastlønn på legevakt med konkurransedyktig lønn og tilknytta hjelpepersonell
- Ein spennande jobb med gode kollegaer og erfarne helsesekretærar
- Låge driftsutgifter i ein kommune i vekst
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø på eit senter med alle fasilitetar og gode kommunikasjonsmoglegheiter.
Andre opplysningar
Kommunen følger vanlege vilkår for avtaleheimlar, som går fram av lov, forskrift og avtalar. Vilkår for overtaking av praksisen avtalast med noverande heimelshavar etter at kommunen har fatta vedtak om tildeling. Ny heimelshavar må inngå internavtale med dei andre legane ved Flåten legesenter og Os almennpraksis.
Ved spørsmål, ta kontakt med Flåten Legesenter, Hjørdis Barmann tlf 466 93 309, Os Allmennprakis, Guro Lekven 480 64 698 eller Ass.kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune.
Søknad
Søknadsbrev og CV vert å senda elektronisk, men fastsett søknadsblankett frå legeforreninga må også fyllast sendast Bjørnafjorden kommune Postboks 24 5649 Eikelandsosen Rettkjende attestar og vitnemål må leggjast fram ved intervju. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.