Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig 2 faste stillingar for lege i spesialisering. Tiltredelse frå 1. mai 2021, eller etter nærmare avtale med avdelingssjef.
Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom i Klinikk SNR har verksemd både i Molde og i Kristiansund. Samla har vi 10 overlegar og 4 legar i spesialisering. Vi har i overkant av 700 fødslar i året, og stor kirurgisk aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Avdelinga vert no styrka fram mot samlinga på det nye topp moderne fellessjukehuset på Hjelset som skal stå ferdig i 2025.
Arbeidsstad er Kristiansund sjukehus, men det er eit nært samarbeid mellom seksjonane og gode høve til å kunne arbeide på begge stadane.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære arbeidsoppgaver i eit spesialiseringsløp for spesialisering i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
- LIS sine arbeidsoppgåver er organisert på ein slik måte at læringsaktivitetar og læringsmål i ny spesialiseringsordning skal kunne bli dekka
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjerne relevant sjukehuserfaring
- Gjennomført LIS 1 eller anna godkjent teneste som erstatning for dette
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du jobbar sjølvstendig
- Du trivast å jobbe i eit høgt arbeidstempo
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med internundervisning, faste møter og eit variert arbeidsfelt innan faget
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår