Kort om arbeidsgiver
Ledig vikariat i fastlegeheimel ved Vossevangen legesenter frå 01.06.2021
Voss Herad er takknemleg for vårt solide og stabile allmennlegekorps beståande av 17 fastlegar og 2 LIS1-legar. Ein av fastlegane våre skal først ha foreldrepermisjon frå 01.06.21 til 31.08.21, deretter skal han ut i sideutdanning frå 01.09.21 til 28.02.22.
Det blir altså ledig eit vikariat i to tilstøytane periodar. Det er mogeleg å søkje på eitt av dem eller begge. Det kan opne seg ein moglegheit for forlenging.
Heimelen har pasientar i alle livsfasar på lista, men den har generell låg gjennomsnittsalder og mange
heile familiar som pasientar.

Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Må vera spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel.
 
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen. Føresetnad for vikariatet vert avtala med praksisinnehavar.
 
Me tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med kompetente og positive kollegaer. Vi legg til rette for god rettleiing og spesialisering
Listestorleik på 1250 pasientar med moglegheit for god inntjening.
Det er p.t. ingen kommunal deltidsstilling knytt til heimelen.
 
Praksisinnehaver kommer til å dekke sine eigne pålagte legevakter i perioden han er ute, så ein vikar er ikkje plikta til å delta i vakt, men det er mogeleg å ta ekstra vakter om ein ønskjer. Legevakten er lokalisert på Voss sjukehus.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Jonas Bucher
Tittel: Allmennlege
Telefon: 98073207
E-post: jonas@vossevangenlegesenter.nhn.no
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Arbeidssted
Vossevangen legesenter
Sverresplass 4
5700 VOSS