Kort om arbeidsgiver
Vossamed legesenter er eit veldrive legekontor siden 2006, med 2 allmennlegar i næringsdrift og 2 100% årsverk med legesekretærer. Det er planer om å auke bemanning med 1 legesekretær /sykepleier stilling ved utvidelse av legekollegiet. Vossamed legesenter er lokalisert sentralt på Voss i trivelige lokaler i Kyrkjebøkvartalet i nærheten av apotek, gangavstand til legevakt, sjukehus, helsestasjon og tog/busstasjon.
Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem og e-tenester frå Norsk Helsenett.
Praksisen vert vidareført i same lokale. Lækjarpraksisen går inn i eit økonomisk og fagleg fellesskap og ein set krav om at heimelshavar skriv ein internavtale med dei andre 2 leger før ein byrjar i gruppepraksisen.
Overtaking snarest.
Ledig fastlegeheimel på Voss
Voss Herad er takknemleg for vårt solide og stabile allmennlegekorps beståande av 17 fastlegar og 2 LIS1-legar.
Ved Vossamed legesenter skal det etablerast ein ny heimel på 500 pasientar ved deling av ein eksisterande heimel på 1500 pasientar. Heimelen vil ha pasientar i alle aldersgrupper, som er godt vant med å bruke legetenesta på same legekontoret.
Ny heimelsinnehaver kan overta lista utan investeringskostnader.
Om ønskjeleg er det mogeleg å utvide lista ytterlegare ettersom fleire andre fastlegar på Voss ønskjer seg kortare listelengde.
For den rette søkjar vil Voss kommune være behjelpeleg med å søkje om støtte til spesialistutdanning i allmennmedisin via tilskotsordninga "ALIS Næring" frå Helsedirektoratet, noko som er aktuelt dersom ny heimelsinnehaver ikkje er spesialist.
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Må vera spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
Me tilbyr
Stabil og trivelig arbeidsplass med allsidige arbeidsoppgåver innanfor allmennmedisin i eit godt arbeidsmiljø med mulighet for veiledning og kollegial støtte.
Listestorleik på 500 pasientar med mogelegheit for å auke talet dersom ynskjeleg.
Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan verta pålagt, men er ikkje planlagt pålagt ved oppstart i stillinga.
Som fastlege i Voss kommune vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Den er lokalisert på Voss sjukehus.
Du må pårekna ca. 40 vakter på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtider.