Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % fast stilling for spesialist i voksenpsykiatri ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund.

Stillinga er knytta til eit av våre allmennteam.

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, ligg under Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken eig 43,5 årsverk og består av følgjande team: Oppfølgingsteam, Allmennteam, ROP-team, Distriktsteam og Merkantil team.

Allmennteama er breitt sammensett av omsyn til utdanning og fagleg orientering. Etter tilvising fra primærhelsetenesta gir teama tilbod om utgreiing og behandling av personar over 18 år.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i allmennteam
  • Deltaking i tverrfaglige behandlingsmøter
  • Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
  • Deltaking i kvalitetsforbedringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter spesialist i psykiatri
  • LIS kan også søke
  • Det er ønskelig med brei klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Ein vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Den som blir tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hans Bjørn Vikhals
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90 79 35 85
E-post: Hans.Bjorn.Vikhals@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9
6516 Kristiansund