Kort om arbeidsgiver
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar. Du får ansvar for samfunnsmedisinske oppgåver på eit administrativt nivå og fagansvar for legetenesta i kommunen. Organisatorisk er stillinga plassert i sektor Helse og omsorg. Kommunalsjef i Helse og omsorg vil vere næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg rådgjeving overfor den kommunale organisasjon
- Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
- Myndigheitsoppgåver etter Lov om psykisk helsevern
- Ivaretaking av andre oppgåver som i lovgjevinga er særskilt tillagt kommuneoverlegen
- Samfunnsmedisinsk rådgjeving i kommunen sitt folkehelsearbeid og i kommunen sin plan- og samfunnsutvikling
- Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
- Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
- Fagansvar, økonomisk og administrativt ansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen. Kommuneoverlegen har tre seksjonsleiarar under seg som er delegert personal- og driftsansvar.
- Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
- Overordna ansvar for interkommunal legevakt, Volda er vertskommune for denne
- Sakshandsaming av politiske saker på fagfeltet
- Deltaking i kommunen si kriseleiing
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
- Relevant erfaring
- Spesialistutdanning i samfunns medisin vert vektlagt
- Førarkort klasse B
- God førestellingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Interesse og engasjement for samfunns medisin
- Gode kommunikasjonsevner
- Analytisk og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraftig
- Gode samarbeidseigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Utviklingsorientert og innovativ
Vi tilbyr
- Kommunen har samarbeid med nabokommunen om testing og smittesporing i høve pandemisituasjonen. Det er oppretta vaktordning for smittesporingsarbeidet med vakt om lag kvar 5 veke for kommuneoverlegen
- Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Løn etter kvalifikasjonar/avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i samfunns medisin
- Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP