Kort om arbeidsgiver
Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam på døgnavdeling og poliklinikk Folgefonn DPS på Valen. 

Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 22 000 innbyggjarar.

Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Poliklinikken er fordelt på 2 lokasjonar, Valen og Odda. Poliklinikken har tilsatt 2 overlegar i psykiatri, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykologar, spesialsjukepleiarar og klinisk sosionom.  Det er gode samarbeidstilhøve mellom poliklinikk, ambulant eining og døgnpostar med sikte på å tilby eit heilskapleg og tverrfagleg behandlingstilbod.

Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:
  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk.
Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket. 

Arbeidsoppgåver
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer bla. treningspoliklinikk og strukturert dagbehandling
  • Det er felles forvaktteneste med Valen sjukehus
Kvalifikasjonar
  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Gode språkkunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Vi søker etter ein pasientorientert medarbeidarar med evne til å arbeide strukturert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • God teamarbeidar
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Hege Lægreid Røssland
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 53466412
E-post: hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Navn: Dag Gunnar Milje
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 53466590
E-post: dag.gunnar.milje@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN