Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Kommuneoverlegen er leiar for helsetenester knytt til Helsesenteret i Modalen kommune og skal ivareta desse i tråd med gjeldande lover og avtaleverk.

I Helsesenteret finn ein i tillegg til legetenesta psykiatrisk helseteneste, psykolog, helsestasjon og fysioterapeut.

Stillinga inneber leiaransvar for fag, økonomi og personal. Kommuneoverlegen tek del i rådmannen si leiargruppe og har medansvar for å sikre kommunen si overordna og strategiske utvikling.

Modalen kommune skal i 2021/2022 vurdere mogleg kommunesamarbeid om felles kommuneoverlege-/legetenester. Det kan difor kunne bli endringar i stillinga som no vert lyst ut.
 
Ansvar og oppgåver
-          Drive medisinskfagleg rådgjeving og bidra aktivt i det overordna folkehelsearbeidet.
-          Følgje opp kommunen sitt ansvar for fastlege- og legevakttenester. Dette inneber fastlistelege i tråd med innbyggjartal.
-          Tilsynslege for Modalstunet
-          Miljøretta helsevern
-          Deltaking i interkommunal legevakt
-          Helseberedskap
-          Samarbeid med krisesenter
-          Smittevern, leiing og koordinering av kommunen sitt arbeid i samband med t.d. pandemiar.
-          Ansvar for å følgje opp kommunen sitt lovpålagte og førebyggjande arbeid innanfor ansvarsområdet. Dette inneber m.a. å sikre at kommunen har gode planar.
-          Samarbeid med overordna helsemynde, helseføretak, Mattilsynet, samarbeidskommunar og andre eksterne samarbeidspartar.
-          Initiere utviklingsarbeid og sikre effektive tenester med vekt på førebyggjing og effektiv drift.
-          Kvalitetssikring og -utvikling, inkl. internkontroll.
-          Sikre god kunnskapsutvikling, erfaringsdeling og eit godt inkluderande arbeidsmiljø
 
Kvalifikasjonar
-          Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
-          Spesialist i allmennmedisin
-          Norskkunnskapar på min. nivå B2
-          Erfaring frå kommunehelseteneste og leiing er ynskjeleg
-          Gode IT-ferdigheiter
-          Førarkort kl. B og tilgang på eigen bil
 
Personlege eigenskapar
-          God verksemdsforståing og strategisk blikk
-          God og tydeleg i kommunikasjonen med andre/omgjevnadar. Systematisk, fleksibel og løysingsretta
-          Raus, inviterande og oppteken av å løfte fram andre – god rolleforståing
-          Er interessert i og trives med utviklingsoppgåver og innovasjon
-          Gode samarbeidsevner
-          Robust og stor arbeidskapasitet – klarer å stå i krevjande situasjonar og ta leiinga.
-          Me vekttlegg personlege eigenskapar
 
Me tilbyr
-          Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
-          Pensjonsavtale i KLP
-          Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg miljø
-          Fastløn etter avtale
-          Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
-          Hjelp til å skaffe bustad
-          Tilskot til kompetanseheving etter avtale
 
Politiattest
Det vert krevd tilfredsstillande politiattest ikkje eldre enn 3 mnd før ein kan ta til i stillinga.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Modalen kommune
Kontaktperson
Navn: Ove Sæbø
Telefon: tlf: +47 56599004 / mob: +47 92225562
Arbeidssted
Mo 3
5729 MODALEN