Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy.

Samla har klinikken eit opptaksområde med 78000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 145 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgaver er:
-  Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
-  Opplæring av pasientar og pårørande
-  Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
-  Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 22 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. 

Fagområde psykose har følgjande seksjonar:
-  Bjørgvin psykosepoliklinikk
-  C3 psykosedøgnbehandling
-  C4 psykosedøgnbehandling

Vi søkjer etter overlege i 100% fast stilling til Bjørgvin psykose poliklinikk. Poliklinikken er teamorganisert. Den består av to FACT/ ACT team og eit poliklinisk team. Behandlarar tilsett i poliklinikken er også behandlingsansvarleg for døgnseksjonane. Det kan tilretteleggjast for deltaking i vaktordning dersom dette er ønskjeleg. Arbeidet er knytta opp mot ACT team på Tertnes og kan kombinerast med arbeid i poliklinikk. Dette kan tilretteleggjast i samråd med den einskilde kandidat. 

Psykose Poliklinikken har har for tida tilsett 5 overlegar og 3 psykologspesialister, psykolog, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, musikkterapeut, kunstterapeut, ergoterapeut, erfaringskonsulentar og psykomotorisk fysioterapeut.   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Løn i henhald til gjeldane avtaler
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Kristina Skogseth
Tittel: Overlege
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Wenny Karin Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90980134
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Fagområde psykose, Helse Bergen
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes