Kort om arbeidsgiver

Klinikk for diagnostikk - Avdeling for medisinsk mikrobiologi

Avdeling for medisinsk mikrobiologi er sett saman av to seksjonar: Seksjon Molde og Seksjon Ålesund. Avdelinga yter service til alle fire sjukehusa og til  primær-helsetenesta i Møre og Romsdal.
Den pågående pandemien, stigande forekomst av antibiotikaresistens og ein stadig større populasjon av immunsupprimerte/infeksjonsutsette pasientar gjer at faget veks i omfang og viktigheit. Medisinsk mikrobiologi er eit klinikknært laboratoriefag og dei daglege arbeidsoppgåvene for legane i  avdelinga er i stor grad grensesnittet mellom laboratorium og klinikkar.

Avdeling for medisinsk mikrobiologi har ledig eitt års vikariat, med mulig forlengelse, for Lege i spesialisering. Oppstartdato etter nærare avtale med avdelingssjef. 
Stillinga er  forbeholdt kandidatar som ønskjer spesialitet i medisinsk mikrobiologi.


Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknad/CV

Arbeidsoppgåver

  • Kontorstad for legane i avdelinga er ved seksjon Molde, men ein må pårekne regelmessige reiser til Mikrobiologi Ålesund.
  • Lege i spesialisering deltek i primærvaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført norsk LIS1 før oppstart i stillinga, dersom ein ikkje har begynt i spesialisering før 1. mars 2019.
  • Den som vert tilsett må mestre norsk språk muntleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker å byggje eit solid fagmiljø i foretaket, og søkjer kreative og inititativrike medarbeidarar.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Les meir om byen og regionen vår her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Einar Nilsen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71222139
Hjemmeside
Arbeidssted
Mikrobiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde