Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ønskjer du ein ryddig 8-16-jobb i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø, der latter og gode smil aldri er langt unna?
Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Kristiansund har vi gode tilpassa arbeidsdagar, med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver for deg som har lyst til å hjelpe barn og ungdom med psykiske utfordringer.
Vi er eit breidt og kompetent arbeidsfellesskap, som saman arbeider fram, eit både helheitleg og spissa utgreiings- og behandlingstilbod for barna og familiane som treng det mest.
Poliklinikken i Kristiansund har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå 01.04.2021, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Som lege i spesialisering vil du arbeide variert med ulike arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist.
- Sentrale arbeidsområder er utgreiing, medisinering, terapi, vegleiing av føresette og vegleiing av samarbeidande instansar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, men også andre legar er velkomne til å søkje, t.d. legar som spesialiserer seg innen allmennmedisin.
For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk (eller ev. svensk/dansk) svært godt.
Personlege eigenskapar
Spesielt to personlege eigenskapar er viktige for stillinga:
- 1) Gode relasjonelle eigenskapar. Dette betyr evne til å kome i kontakt med andre, kommunisere godt og framstå som ein trygg og kompetent vaksen.
- 2) Ha evne til tilpassing. I eit større fagmiljø der vi arbeider tett med kvarandre, har ulik utdanning og saman skaper det produktet pasienten har behov for, treng vi fleksible, konstruktive menneske som arbeider godt saman med andre.
- I tillegg ønskjer vi oss gjerne ein nysgjerrig, glad og kunnskapsrik kollega.
Vi tilbyr
- Vi har spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT) og emosjonell dysregulering (DBT), og disse er knytta til ressursgrupper i avdelingen vår. Vi har også ressursgrupper for risikovurderingar og småbarnsproblematikk, samt ei godt utbygd tilbod for nevropsykiatriske tilstander.
- Seksjonen vår har fire spesialistar i barne- og ungdomspsykiatri og fire psykologspesialistar, ein spesialist i nevropsykologi, pedagogar, barnevernspedagogar, psykologar og legar i spesialisering.
- Som Lege i spesialisering vil du bli en del av avdelingens utdanningsprogram. Avdelingen vår består av fire poliklinikker, en sengepost for ungdom og en døgnfamilieenhet. Vi har et tett og godt samarbeid i avdelingen, med mange strukturer på tvers av seksjonene.
- BUP Kristiansund ligger plassert bare 50 meter fra somatisk barneavdeling, og i etasjen over barnehabiliteringstjenesten, noe som gjør samarbeidet enklere også med andre nærliggende fag.
- Lønn etter gjeldande overeinskomstar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt arbeidsmiljø
Les og sjå meir om byen og regionen vår her: https://www.visitnorthwest.no/kristiansund/