Kort om arbeidsgiver
20 % avtaleheimel for godkjend spesialist i psykiatri er ledig frå 01.04.2021, eller etter avtale.
 
Noverande praksis er lokalisert i  Sveio.
Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer.  
 
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokaler som senior, i tett samarbeide med senior. Dersom det er praktisk mogeleg kan samarbeidet med senior føregå i lokaler lokalisert i regionen Sunnhordland (Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio eller Tysnes).  Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
 
Når avtalespesialsisten overtek heile avtaleheimelen skal den vere lokalisert i Sunnhordland.
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening. Praksisen skal ha likelydande samarbeidsavtale med Helse Fonna ved NN DPS, som senior.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Helse Vest RHF skal gjennom 2021 legge til rette for at helseføretaka etablerer ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til  psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket ("ein-veg-inn").
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Fonna ved Haugaland DPS om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokaler, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen. Heimelen er i dag plassert i driftstilskotsklasse 3.
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Bjarte Stubhaug, tlf.: 95 96 54 19.  
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Bjarte Stubhaug
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 95 96 54 19
Navn: Helse Vest v/ Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
,
5559 SVEIO