Kort om arbeidsgiver
Radiologisk avdeling har ca 350 flinke og engasjerte medarbeidarar og ein moderne utstyrspark. Vi er i stadig endring og aukar
aktiviteten vår for kvart år og det er for tida ca 60 overlegar og 20 LIS i
avdelinga. Avdelinga har ein stor aktivitet innan forsking, det er til ein kvar
tid knytt PhD-stipendiatar til avdelinga og avdelinga deltar i både nasjonale
og internasjonale forskingsnettverk.

Frå 2021 vil røntgenavdelinga på Voss
sjukehus bli integrert i Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Voss sjukehus har akuttfunksjon innanfor indremedisin, gynekologi/fødselshjelp og kirurgi. Nedslagsfeltet for akuttfunksjonen er
Voss, Hardanger og indre Sogn. Når røntgenavdelinga på Voss blir ein del av
avdelinga, søkjer vi dyktige radiologar som for tida vil ha hovuddelen av tenesta
ved Voss sjukehus, der ein vil jobbe som generell radiolog. Røntgenavdelinga
på Voss har 3 overlegar, derav 2 som fjernbeskriv, samt 11 radiografar og 2 merkantilt
tilsette. 2 av radiologane skal frå sommaren 2021 ha permisjon og vi søkjer
vikarar med mogleg fast tilsetjing på sikt.

På Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus vil ein bli knytta til ein av radiologseksjonane. Utgangspunktet er 75% på
Voss og 25% på Haukeland. Det vil i all hovudsak vere dagtidsarbeid på Voss, og
det kan vere mogleg å kombinere dagtidsarbeid og vaktarbeid på Haukeland. Det vil vere anledning til å drive forsking, overlegane i avdelinga driv opplæring og rettleiing av LIS i radiologi, i tillegg til
oppgåver knytta til undervising av medisinstudentar.
 
Her kan du lese meir om avdelingane:
Radiologisk avdeling
Røntgenavdelinga, Voss sjukehus

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsarbeid, behandling av tilvisingar og tolking av undersøkingar
  • Jamnlege demonstrasjonar
  • Førebuing og deltaking på MDT møte
  • Ultralydsverksemd og enklare intervensjonar
  • Rettleing av dei LIS-legane som til ein kvar tid har teneste ved seksjonen
  • Undervising av medisinstudentar
  • Ta del i prosessar som fremjar god arbeidsflyt og produktivitet
  • Bidra til god samhandling innan avdelinga og med samarbeidande avdelingar

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i radiologi (eller ha kort tid igjen til ferdig spesialist)
  • Kompetanse i invasive prosedyrar vil telje positivt 
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. Helse Bergen har som policy at søkjarar med anna morsmål enn skandinavisk språk skal ha godkjend Bergenstest eller annan tilsvarande språktest

Personlege eigenskapar

  • Positiv innstilling og evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å prioritere for å gje pasientane best mogleg utredning og behandling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibilitet og gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjement
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig lønn
  • Høgt fagleg nivå
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Kari Løhre Kuvås
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55972865
E-post: kari.lohre.kuvas@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Radiologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen