Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Smertepoliklinikken ved Ålesund sjukehus tilbyr tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar med komplekse smerteproblem under leiing av anestesilegar med spesialkompetanse i smertebehandling. Teamet består av sjukepleiar, lege, fysioterapeut og psykolog. Smerteklinikken samarbeidar også med andre avdelingar på sjukehuset.
Overvektspoliklinikken ved Ålesund sjukehus er spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar med alvorlig fedme i Møre og Romsdal. Poliklinikken er organisert under kirurgisk avdeling, men tilbodet er tverrfaglig og endokrinolog, kirurg, klinisk ernæringsfysiolog, sjukepleiera og andre faggrupper deltar i pasientbehandlinga. Tilbodet omfattar utgreiing og oppfølging etter både kirurgisk og medisinsk behandling.
Smertepoliklinikken og Overvektspoliklinikken samarbeidar no om ein ettårig prosjektstilling for LIS-lege ved dei to poliklinikkane. Stillinga er tiltenkt allmennlege som trenger sjukehusteneste som ein del av si spesialisering, men lege med anna bakgrunn kan også søke.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg.Les meir om Ålesund og omland her
Arbeidsoppgåver
- Polikliniske konsultasjonar ved dei to poliklinikkane under fagleg rettleiing
- Tverrfaglege møter
- Pasientopplæring ved Lærings- og mestringssenter
- Moglegheit for å delta i forskning og fagutviklingsprosjekt
- Bindeledd mellom primær- og spesialisthelsetjenesten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode norskkunnskapar skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Engasjement for dei aktuelle pasientgruppene
- Empati
- God evne til pasientkommunikasjon og tverrfaglig samarbeid.
Vi tilbyr
- Ein lærerik arbeidskvardag
- Regionalt samarbeid og mogelegheit for hospitering ved tilsvarande poliklinikkar i regionen.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår