Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Avdeling for kirurgi Helse møre og Romsdal , kirurgiske legar Ålesund har ledig vikariat i 100% stilling for Lege i spesialisering (LIS) innan gastro i perioden 01.05.21 og 1 år med moglegheit for forlenging
Ved intern tilsetjing kan kortare vikariat som LIS2 bli ledig.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre
Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre
utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt
kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og
oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre
deg.Les meir om Ålesund og omland her
Arbeidsoppgåver
- Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk, operasjon. Inngår i 9 delt LIS2/3 vaktskikt, delte vaktdøgn.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege, og må legge ved søknadsblankett for legestillingar.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- God samarbeidsevne.
- Minst 2 års kirurgisk erfaring og ferdig med LIS2- common trunk for kirurgi
Personlege eigenskapar
- Det å vere personleg eigna vil bli vektlagt.
- Strukturert
- Engasjert
- Bidra til eit god arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår