Kort om arbeidsgiver

Vi ønskjer å styrkje fagavdelinga vår med ein lege. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå spesialist- og/eller primærhelsetenesta, gjerne med spesialitet.

Mandatet til Helse Vest RHF er å sørgje for at alle innbyggjarane på Vestlandet har tilstrekkeleg og god tilgang på helsetenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Det er Stortinget og Regjeringa som avgjer rammene og den overordna prioriteringa for den offentlege helsetenesta vår. Helse Vest RHF skal sørgje for at desse avgjerslene blir sette i verk og den faglege utviklinga av spesialisthelsetenesta.

Vi ser etter ein dyktig medarbeidar som er motivert for å bidra til at vi etterlever sørgje-for-ansvaret vårt. Oppgåvene vi skal løyse, krev at du kan arbeide både sjølvstendig og i team. Når du arbeider i team vil du arbeide i tett samarbeid med andre avdelingar i organisasjonen og i
helseføretaka i regionen. Det vil også vere oppgåver knytte til aktivitetar på nasjonalt nivå.

Arbeidsoppgåver

  • bidra i arbeidet med å auke den faglege kvaliteten på tenestetilbod i regionen, auke pasienttryggleiken og redusere variasjon innanfor behandlingstilboda
  • bidra til å gjennomføre oppdrag vi får frå Helse- og omsorgsdepartementet
  • ha eit særskilt ansvar for tildelte fagområde etter nærmare avtale med leiar
  • bidra med medisinsk og helsefagleg kunnskapsgrunnlag internt til andre avdelingar i Helse Vest RHF og til helseføretaka i regionen
  • leie og delta i ulike prosjekt
  • drive saksbehandling knytt til fagavdelinga sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • lege med norsk autorisasjon, gjerne med spesialitet
  • evne til å tenkje heilskapleg på tvers av spesialitetar og sjukehus
  • relevant arbeidserfaring. Det blir lagt vekt på erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • ønskjeleg med kunnskap om organiseringa av spesialisthelsetenesta, styring og leiing
  • ønskjeleg med kunnskap i kvalitetsforbetring, forbetringsmetodikk og pasienttryggleik
  • ønskjeleg med ei forståing av sørgje-for-ansvaret til det regionale helseføretaket, roller og oppgåver på ulike forvaltnings- og verksemdnivå
  • erfaring med prosjektleiing, utgreiings- og utviklingsarbeid er ein fordel
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • like å arbeide i eit hektisk miljø
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • strukturert og systematisk arbeidsform
  • dyktig på å levere
  • god verbal evne
  • god strategisk forståing, evne til å skaffe oversikt og å sjå heilskapen

Vi tilbyr

  • spennande arbeidsoppgåver
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
  • godt arbeidsmiljø
  • konkurransedyktige betingelser
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktperson
Navn: Baard-Christian Schem
Tittel: Fagdirektør
Telefon: 926 65 166
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Vest RHF
Nådlandskroken 11
4034 Stavanger