Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Ved Jomarka legesenter er det ledig to vikariat med oppstart frå 21.04.21
Eit vikariat i 100% tilknytta pasientliste med 1050 innbyggarar.
Eit vikariat i 50% tilknytta pasientliste med 900 innbyggarar, liste delast med anna lege.
Begge vikariat har i utganspunktet varigheit i ett år. Det kan verte å aktuelt å arbeide ved anna legekontor i siste del av perioda.
Legesenteret held til i moderne lokale. Kontoret er godt utstyrt og journalsystemet er CGM journal. Kontoret har 4 fastlegar, dyktige medarbeidarar og godt arbeidsmiljø.
Til heimelen inngår deltaking i kommunal legevaktsordning.
Vilkår for oppstart vert avtalt med kommuna.
Moglegheit for å velje mellom sjølvstendig næringsdrift eller kommunal fastløn.
Det vert gjennomført fortløpande rekruttering.
For søknad sjå Ålesund kommune si heimeside og ledige stillingar.
Link til Webcrutier i søknadsskjema
For søknad på 100% : Webcruiter-ID:4352227867
For søknad på 50% : Webcruiter-ID: 4352235455
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
- Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
- Framlegging av tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.