Kort om arbeidsgiver
Sektor for helse og omsorg søkjer fastlege i 100 % fast stilling
 
Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. På helsesenteret vårt er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc.
 
Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar og ergoterapeut. Kommunens tenestekontor samt tannlegekontoret held til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta, i form av interkommunale samarbeid.
 
Om stillinga som fastlege:
  • Arbeidet som fastlege er svært variert og famnar heile spekteret av allmennmedisin.
  • Fastlegen har det medisinske ansvaret for pleie- og omsorgssenteret med visitt kvar veke.
  • Stillinga inkluderer vakter ved Arendal legevakt.
 
Kvalifikasjonar:
  • Medisinsk embetseksamen og norsk legeautorisasjon.
  • Gjennomført turnusteneste LIS 1.
  • Spesialisering innan allmennmedisin er ynskjeleg.
  • Det er ein føresetnad at du beherskar norsk skrifteleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
 
Vi søkjer ein person som:
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid.
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus.
 
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
 
Vi tilbyr:
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
  • Fastløn.
 
Fyresdal kommune blei i 2020 kåra av UNICEF som den beste oppvekstkommunen i landet.
 
Sjå nettsida vår www.fyresdal.kommune.no for meir informasjon om kommunen vår og kva vi har å tilby. Sjå gjerne også Facebook-side vår www.facebook.com/fyresdalkommune for bilete og videoar frå kommunen.
 
Kontaktperson
 
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Anne Veum på mobil 951 77 421, eller til kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på mobil 996 91 499.
 
Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksame på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
 
Søknadsfrist
 
Søknadsfristen er søndag 14. mars 2021 og vi ynskjer deg velkomen som søkjar! Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
 
Vi ber om at du brukar elektronisk søknadsskjema som du finn på nettsida vår www.fyresdal.kommune.no.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne Veum
Tittel: Avdelingsleiar helse og omsorg
Telefon: 95177421
Navn: Karin Kristin Østerhus
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 996 91 499
Arbeidssted
,
3870 FYRESDAL