Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har ein fast onkolog tilknytta kreftpoliklinikken og søkjer no éin til i fast stilling. Vi har i tillegg to onkologer i hver sin 50% stilling via byrå. Størstedelen av pasientane er innan diagnosegrupper gastrointestinale cancere og mamma cancer. Ut over dette gir våre onkologar også behandling til andre diagnoser i samråd med onkologar ved Haukeland universitetssykehus (HUS). Vi har eit tett samarbeid med onkologane på HUS og fleire av desse kjem til Haugesund sjukehus på månadsbasis. Dette er ei god hjelp og gir god moglegheit til å konferere fag og problemstillingar. Vi har også telefonisk konferering med onkologane på HUS i kvardagen. Hematologane, gynekologane og lungelegane bestiller kurer til eigne pasientar. Den framtidige planen er å få ein LIS i onkologi og utvide onkologien med sengepost.

Arbeidsoppgåver

  • Onkologen jobbar primært på dagtid som spesialist innan fagområdet, på kreftpoliklinikken
  • Arbeidet består i konsultasjonar, bestilling av kurar i cytodose, tilsyn på avdelingar ved behov, undervisning, samt noko administrativt arbeide
  • Onkologen har tett samarbeid med palliativ team og dette skal prioriterast i det daglege arbeidet
  • Det er kvar veke tverrfaglege møter med palliativ team og MDT møter. Ein skal delta i tverrfaglege diskusjonar om behandling av kreftpasientar
  • Onkologen vil vere ein sentral person i arbeidet med utviklinga av tilbodet til kreftpasientar
  • Arbeidsstad vil vere ved Haugesund sjukehus, men det kan bli aktuelt med ambulering til dei andre sjukehusa i føretaket etter nærare avtale

Kvalifikasjonar

  • Norsk godkjenning som spesialist i onkologi innan oppstart i stillinga
  • Den som blir tilsett må kunne snakke og skrive norsk på høgt nivå
  • Søkjar må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Onkolog med erfaring frå norske sjukehus vil ha eit fortrinn
  • Erfaring innan palliasjon er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein fagleg dyktig medarbeidar med gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Vi ønskjer ein medarbeidar med gode samarbeidsevner og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Ein medarbeider som vektlegg å arbeide i team og få til gode resultat i fellesskap med kollegaer.

Vi tilbyr

  • Ein kreftpoliklinikk med dyktige, erfarne og sjølvstendige spesialsjuekpleiarar
  • Godt samarbeid mellom onkologar og spesialistar innan kirurgiske og medisinske fagområder
  • Samarbeid med Haukeland universitetssjukehus kan gi moglegheit for å delta i forskningsprosjekt.
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereisforsikring
  • Fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Lise Berit Bruntveit
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: +47 99647391
Navn: Bjørn Egil Vikse
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: +47 99250064
Navn: Esperanza Sanchez
Tittel: Onkolog
Telefon: 52732580
E-post: esperanza.sanchez@helse-fonna.no
Navn: Svein Dueland
Tittel: Onkolog
Telefon: 93056548
E-post: svein.dueland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avd B, Kreftpoliklinikken, Helse Fonna HF
Karmsundsgata 120
5504 Haugesund
Søk på stillingen