Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling spiseforstyrringar og Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Avdelinga har eit tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig 20% stilling for spesialist i psykiatri. Avdelinga gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus.

Arbeidsoppgåver

  • Konsultasjon-liaison teneste til dei somatiske einingane ved HUS og HDS
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialist i vaksenpsykiatri
  • Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det er vidare viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team
  • Vi legg vekt på at søkjar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå.
  • Interessante arbeidsoppgaver.
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling psykosomatisk medisin, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen