Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fastlegestilling i trivelege Alver kommune, lokalisert berre 25 minutt frå Bergen sentrum. Vi ser etter deg som er spesialist i allmennmedisin eller planlegg å bli det.

Om stillinga
I Alver kommune har vi ledig fast stilling som fastlege i nytt legekontor lokalisert i Helsehuset i Knarvik. Helsehuset er innflyttingsklart i april 2021 og skal husa mange av dei kommunale- og spesialisthelsetenester som finns i kommunen. Legeheimelen er i utgangspunktet fastløna, men sjølvstendig næringsdrift kan avtalast. Det er ønskjeleg med snarleg oppstart.

Arbeidsoppgåver
Fastlegeliste med 800 pasientar. Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt), og helsestasjonsteneste.

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Du må vere vaktkompetent
Vi tilbyr
  • Fleksible løysingar 
  • Eit godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta
  • Veiledning dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Arbeidssted
Helsehuset i Knarvik
Kvassnesvegen 40
5914 ISDALSTØ
Søk på stillingen