100% fast stilling som fastlege/tilsynslege - frå 01.04.2021
 
Legeavdelinga i Vinje kommune har hovudkontor i Åmot med utekontor i Rauland og Edland.
Fastlegelista vert oppretta ved tilsetting.
Legetenesta har sju fastlegestillingar og ein LIS1-lege. Det er 10 tilsette som hjelpepersonell (9 sjukepleiarar og 1 legesekretær, samt avdelingsleiar.)
Vinje kommune samarbeider med Tokke kommune om felles legevaktordning. Kommunen er vertskommune for
Tokke-Vinje legevakt.
 
Legetenesta er godt innarbeidd, og med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene vil vere fastlegearbeid, kurativ arbeid, legevaktarbeid, ø-hjelp og kommunale oppgåver som tilsynsfunksjon ved sjukeheim/institusjon, helsestasjon og veiledning for leger i spesialisering. Det er krav om å gjennomføre spesialisering i allmennmedisin.
 
Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • norsk autorisasjon som allmennlege
  • interesse og erfaring for distrikts- og allmennmedisin og interkommunalt helsesamarbeid
  • gode IT kunnskapar
  • gode norskkunnskapar
  • førarkort klasse B
  • ein vil vektlegge personleg egnethet
  • gode samarbeidsevner og fleksibilitet
 
Me kan tilby:
  • Løn etter avtale
  • Veiledning retta mot spesialisering i allmennmedisin
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod
 
Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Kenneth Haugland tlf 91864495 eller Kommuneoverlege Marius Opsahl tlf 47367248.
 
Krav om politiattest.
 
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
 
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå  www.vinje.kommune.no
Frist: 12.03.2021
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vinje kommune
Kontaktpersoner
Navn: Kenneth Haugland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 91864495
Navn: Marius Opsah
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 47367248
Arbeidssted
,
3890 VINJE
Søk på stillingen